Spydknottsmett
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC SA 2.0

Spydknottsmett er ein liten sporvefugl i myggsmettfamilien og har naturleg utbreiing i Sør-, Mellom- og Nord-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Ramphocaenus melanurus
Beskriven av
Vieillot, 1819

Som vaksen veg fuglen rundt ni gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, sterkt endra tropisk skog og fuktig tropisk buskmark. Spydknottsmett lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i buskar.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 16 dagar. Ungane forlèt reiret om lag to veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

spydknottsmett
Ramphocaenus melanurus
Artsdatabanken-ID
182552

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg