Smaragdtukan
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Smaragdtukan er ein stor spettefugl i tukanfamilien og har naturleg utbreiing i Mellom- og Nord-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Aulacorhynchus prasinus
Beskriven av
(Gould, 1833)

Som vaksen er fuglen ca. 30 cm lang og veg rundt 180 gram.

Arten er knytt til tropisk fjellskog, jordbruksland, fuktig tropisk skog, fuktig og høgtliggjande tropisk buskmark, og ulike våtmarkshabitat. Smaragdtukan lever av frukt og virvellause dyr (invertebratar) som han finn i buskar og i tre.

Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen rundt tre egg som blir ruga ut i løpet av ca. 16 dagar. Reira blir bygd i hôlrom. Ungane forlèt reiret om lag seks veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

smaragdtukan
Aulacorhynchus prasinus
Artsdatabanken-ID
178112

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg