Skjellvaktel
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Skjellvaktel er ein liten hønsefugl i tannvaktelfamilien og har naturleg utbreiing i Mexico og USA.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Callipepla squamata
Beskriven av
(Vigors, 1830)

Som vaksen er fuglen ca. 26 cm lang og veg rundt 180 gram.

Arten er knytt til tørr tropisk buskmark og temperert grasmark. Skjellvaktel lever i hovudsak av frø, virvellause dyr (invertebratar) og plantedelar som han finn på bakken.

Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen rundt 13 egg som blir ruga ut i løpet av ca. 22 dagar. Ungane forlèt reiret innan ei veke etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av eitt år.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

skjellvaktel
Callipepla squamata
Artsdatabanken-ID
174440

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg