Skjellfiskand er ein middels stor andefugl i andefamilien og har naturleg utbreiing i Asia og Russland.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Mergus squamatus
- Beskriven av
- Gould, 1864
Som vaksen er fuglen ca. 60 cm lang, hannfuglar veg rundt 1,2 kilo og hofuglane rundt 960 gram.
Arten er knytt til temperert skog, ulike våtmarkshabitat og marine kysthabitat. Skjellfiskand lever av fisk som han fangar under vatn.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt ti egg. Reira blir bygd i hôlrom.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.