Sinaloavaktel
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY 4.0

Sinaloavaktel er ein liten hønsefugl i tannvaktelfamilien og har naturleg utbreiing i Mexico.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Callipepla douglasii
Beskriven av
(Vigors, 1829)

Som vaksen er fuglen ca. 23 cm lang og veg rundt 170 gram.

Arten er knytt til tørr tropisk skog, tørr tropisk buskmark og sterkt endra tropisk skog. Sinaloavaktel lever i hovudsak av frø, virvellause dyr (invertebratar) og frukt som han finn på bakken.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt ti egg som blir ruga ut i løpet av ca. 22 dagar.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

sinaloavaktel
Callipepla douglasii
Artsdatabanken-ID
174441

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg