Sampi er namnet på den forelda greske bokstaven Ͳ, ͳ. Sampi vart bruka i nokre dialektar av gamalgresk, truleg med lydverdien [ss] eller [ts]. Bokstaven gjekk av bruk då lyden forsvann i gresk.

Faktaboks

Uttale

s'ampi

Etymologi

gresk 'som ein π (pi)'

Sampi har verdien 900 i det greske talsystemet, men i moderne gresk brukar ein i dag heller forma Ϡ, ϡ som talsymbol. Bruken av symbolet er svært sjeldan.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg