Salomonkråke er ein fugl i kråkefamilien og ein av dei største sporvefuglane i verda. Arten finst på Salomonøyane.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Corvus woodfordi
Beskriven av
(Ogilvie-Grant, 1887)

Som vaksen veg fuglen rundt 470 gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog og tropisk fjellskog. Salomonkråke lever av virvellause dyr (invertebratar) og frukt som han finn i tre og i buskar.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

salomonkråke
Corvus woodfordi
Artsdatabanken-ID
181916

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg