Salomonkakadu er ein stor papegøyefugl i kakadufamilien og finst på Papua Ny-Guinea og Salomonøyane.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Cacatua ducorpsii
- Beskriven av
- Pucheran, 1853
Som vaksen veg fuglen rundt 400 gram.
Arten er knytt til tørr og fuktig tropisk skog. Salomonkakadu lever i hovudsak av frukt, frø og virvellause dyr (invertebratar) som han finn på bakken, i skogen og i buskar.
Reira blir bygd i hôlrom.
Salomonkakadu lever vanlegvis i rundt 30 år.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.