Sølvnebbtanagar
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Sølvnebbtanagar er ein middels stor sporvefugl i tanagarfamilien og har naturleg utbreiing i Sør-Amerika og Karibia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Ramphocelus carbo
Beskriven av
(Pallas, 1764)

Som vaksen veg fuglen rundt 28 gram.

Arten er knytt til jordbruksland, fuktig tropisk skog og fuktig tropisk buskmark. Sølvnebbtanagar lever av virvellause dyr (invertebratar) og frukt som han finn i skogen og i buskar.

Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. tolv dagar. Ungane forlèt reiret om lag to veker etter klekking.

Sølvnebbtanagar lever vanlegvis i rundt ni år.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

sølvnebbtanagar
Ramphocelus carbo
Artsdatabanken-ID
184973

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg