Rwenzoribatis er ein middels stor sporvefugl i pløsøyefamilien og har naturleg utbreiing i Sentral- og Aust-Afrika.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Batis diops
- Beskriven av
- Jackson, 1905
Som vaksen veg fuglen rundt 13 gram.
Arten er knytt til tropisk fjellskog og høgtliggjande tropisk buskmark. Rwenzoribatis lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i skogen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.