Prosopografi er ei skildring av sosial- og familielivet til ein person, yrkeslivet deira, og andre trekk ved livet deira. Ordet kan òg brukast om eit verk som samlar slike skildringar. Studiet av feltet kallast òg for prosopografi.

Faktaboks

Uttale

prosopograf'i

Etymologi

Nyord danna via moderne latin frå gresk. Det tyder ordrett «andletsskriving»/«ansiktsskriving», men ei meir idiomatisk omsetting av ordet vil vere «personskildring».

Nokre døme på prosopografiar:

  • Fortegnelse over magistratpersoner i Trondhjem 1377–1922 : med biografiske oplysninger og henvisninger, Trondheim, Adresseavisens boktrykkeri, 1945.
  • The Prosopography of the Later Roman Empire, Cambridge at the University Press, 1971 og følgjande.
  • Den Norske Frimurerordens matrikkel.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg