Plagg er ei generell nemning på kvar av dei einskilde delane i ein klednad, bunad.

Faktaboks

Etymologi
av norrønt plagg ‘klede’

I norsk bunadtradisjon kan det i Hallingdal bety tørkle eller sjal. Det er då samanbretta, lagt utanpå hettebunaden og knytt opp i panna eller under haka. Det kan også brettast som ein trekant og brukast oppå oppbundne fletter, knytt i nakken for gift kvinne eller oppå hovudet for ugift kvinne.

I Nord-Gudbrandsdalen brukast plagg, eller pleigg, om skjorte, og særleg om den kvite kvinneskjorta.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006
  • Sigurd Bretteville-Jensen: Studieplan i bunadkunnskap, 1979

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg