Parykkperlehøne
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Parykkperlehøne er ein stor hønsefugl i perlehønsfamilien og har naturleg utbreiing i Kenya, Somalia og Tanzania.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Guttera pucherani
Beskriven av
(Hartlaub, 1861)

Som vaksen er fuglen ca. 50 cm lang og veg rundt 1,3 kilo.

Arten er knytt til tørr og fuktig tropisk skog, tørr savanne og sterkt endra tropisk skog. Parykkperlehøne lever av virvellause dyr (invertebratar) og frukt som han finn på bakken.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fire egg som blir ruga ut i løpet av ca. 23 dagar.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

parykkperlehøne
Guttera pucherani
Artsdatabanken-ID
174423

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg