Ornatkokette er ein fugl i kolibrifamilien og ein av dei minste fugleartane i verda. Arten har naturleg utbreiing i Sør-Amerika og Karibia.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Lophornis ornatus
- Beskriven av
- (Boddaert, 1783)
Vaksne hannar veg rundt 2,2 gram og hofuglane rundt 2,8 gram.
Arten er knytt til jordbruksland, fuktig tropisk skog, fuktig savanne og fuktig tropisk buskmark. Ornatkokette lever av virvellause dyr (invertebratar) og nektar som han finn i skogen og i buskar.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.