Okerbuktyrann
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Okerbuktyrann er ein liten sporvefugl i tyrannfamilien og har naturleg utbreiing i Sør-, Mellom- og Nord-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Mionectes oleagineus
Beskriven av
(Lichtenstein, MHK, 1823)

Som vaksen veg fuglen rundt tolv gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, jordbruksland, tropisk sumpskog, tropisk fjellskog, og elvar og bekker. Okerbuktyrann lever av frukt som han finn i skogen og i buskar.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt tre egg som blir ruga ut i løpet av ca. 20 dagar. Reira blir bygd i hôlrom. Ungane forlèt reiret om lag tre veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

okerbuktyrann
Mionectes oleagineus
Artsdatabanken-ID
179993

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg