Nordhjelmhokko
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 3.0

Nordhjelmhokko er ein stor hønsefugl i hokkofamilien og har naturleg utbreiing i Colombia og Venezuela.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Pauxi pauxi
Beskriven av
(Carl von Linné, 1766)

Som vaksen er fuglen ca. 90 cm lang, hannfuglar veg rundt 3,6 kilo og hofuglane rundt 2,7 kilo.

Arten er knytt til tropisk fjellskog. Nordhjelmhokko er ein planteetar som lever av frukt og frø som han finn på bakken.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 35 dagar.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

nordhjelmhokko
Pauxi pauxi
Artsdatabanken-ID
174403

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg