Nikobarsnokørn er ein middels stor rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i India.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Spilornis klossi
Beskriven av
Richmond, 1902

Som vaksen er fuglen ca. 60 cm lang, hannfuglar veg rundt 420 gram og hofuglane rundt 560 gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog. Nikobarsnokørn er ein jegar som lever av vekselvarme virveldyr og små varmblodige dyr som han fangar på bakken og i buskar.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen eitt egg som blir ruga ut i løpet av ca. 35 dagar. Ungane forlèt reiret om lag ni veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

nikobarsnokørn
Spilornis klossi
Artsdatabanken-ID
175200

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg