Montezumaoropendola
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Montezumaoropendola er ein fugl i trupialfamilien og ein av dei største sporvefuglane i verda. Arten har naturleg utbreiing i Mellom- og Nord-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Psarocolius montezuma
Beskriven av
(Lesson, R, 1830)

Vaksne hannar veg rundt 420 gram og hofuglane rundt 230 gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog og plantasjar. Montezumaoropendola lever av virvellause dyr (invertebratar) og frukt som han finn i buskar og i tre.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg. Reira blir bygd i hôlrom.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

montezumaoropendola
Psarocolius montezuma
Artsdatabanken-ID
185649

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg