Miombosolfugl er ein liten sporvefugl i solfuglfamilien og har naturleg utbreiing i Sørlege og Aust-Afrika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Cinnyris manoensis
Beskriven av
Reichenow, 1907

Vaksne hannar veg rundt ti gram og hofuglane rundt åtte gram.

Arten er knytt til tørr savanne, hagar, urbane område, tørr tropisk buskmark, og elvar og bekker.

Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 14 dagar. Ungane forlèt reiret om lag to veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

miombosolfugl
Cinnyris manoensis
Artsdatabanken-ID
184569

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg