Starlink er ein megakonstallasjon av satellittar frå SpaceX, der formålet er å tilby internettdekning over heile jorda.

Dette er ein konstellasjon av små telekommunikasjonssatellittar i låg jordbane. Fordi satellittane er små og at dei skal gå relativt nær jorda, trengst det mange tusen satellittar for å kunne tilby ei tilfredsstillande teneste.

Sidan 2018 har SpaceX skote opp over 3000 satellittar (per desember 2022) for å prøve ut teknologien. Vanlegvis vert fleire ti-tals satellittar sette ut i bane samstundes for kvar oppskyting.

Planlagt teneste

Dei første satellittane vart skote opp i baner som har ein inklinasjon på 53 grader, i ei banehøgde på 550 kilometer. Dette betyr at dei nordlegaste og sørlegaste områda på jorda ikkje kan nåast frå desse satellittane. Difor vert nokre satellittar også plassert i polare baner. Frå 2022 starta Starlink å tilby kommunikasjonstenester i nordlege delar verda, inkludert Noreg.

Mange ulike delar av jorda har dårleg utbygd kommunikasjonsinfrastruktur, så prosjekt slik som Starlink kan bidra til å løyse store kommunikasjonsutfordringar der. Eit døme på dette er rolla Starlink fekk under krigen i Ukraina i 2022. I løpet av våren 2022 vart det sent mange terminalar til Ukraina slik at ein til ei viss grad kunne oppheve konsekvensen av at lokal kommunikasjonsinfrastruktur vart øydelagt og at ulike område av landet dermed vart isolert.

Teknologiutvikling

Starlink vert basert på relativt små satellittar med ei masse på rundt 260 kilo. Levetida til satellittane er planlagt til å vere relativt kort (nokre få år). Sidan satellittane vert skotne opp i låge baner på rundt 550 km, kan dei lett bli sendt ned i jordatmosfæra igjen for å brenne opp. Dette betyr at ein kontinuerleg må etterfylle konstellasjonen med nye satellittar, som gjerne også har betre teknologi.

Kontrovers på grunn av lysforureining

Etter dei siste oppskytingane har Starlink og SpaceX vorte kritiserte for å bidra til lysforureining på himmelen. Satellittane lagar i somme tilfelle «lysspor» på himmelen når dei passera, slik at det vert vanskeleg å observere andre himmellekamar fordi desse vert blenda av lysrefleksjon frå Starlink-satellittar.

Somme av satellittane på seinare oppskytingar har vore utstyrt med utstyr for å redusere denne refleksjonen.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg