Mesitthauk er ein middels stor rovfugl i haukefamilien og finst på Madagaskar.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Accipiter henstii
Beskriven av
(Schlegel, 1873)

Som vaksen er fuglen ca. 60 cm lang og veg rundt éin kilo.

Arten er knytt til tørr og fuktig tropisk skog, plantasjar, tropisk fjellskog og tørr savanne. Mesitthauk lever av små varmblodige dyr som han fangar i buskar og i skogen.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

mesitthauk
Accipiter henstii
Artsdatabanken-ID
175350

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg