Marañontrost er ein stor sporvefugl i trostefamilien og har naturleg utbreiing i Ecuador og Peru.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Turdus maranonicus
- Beskriven av
- Taczanowski, 1880
Som vaksen veg fuglen rundt 70 gram.
Arten er knytt til jordbruksland, tørr og fuktig tropisk skog, og tørr og høgtliggjande tropisk buskmark. Marañontrost lever av frukt og virvellause dyr (invertebratar) som han finn på bakken.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.