Lov om traktat mot kjernefysiske prøvesprengingar er ei norsk lov om forbod mot all kjernefysisk sprenging som er i strid med den fullstendige prøvestansavtalen av 1996. Sjølv om lova vart vedtatt i 1999, har ho enno ikkje tredd i kraft. På same vis som prøvestansavtalen, trer lova i kraft fyrst når ho er ratifisert av alle dei 44 statane som har såkalla kjernefysisk kapasitet, det vil seie statar som har atomreaktorar eller kjernefysiske forskingsprogram. Hittil har 36 av statane ratifisert avtalen.

Faktaboks

Fullt namn
Lov om gjennomføring av Traktat om totalforbod mot kjernefysiske prøvesprengingar
Kortnamn
Lov om traktat mot kjernefysiske prøvesprengingar
Tredd i kraft
Ikke i kraft
Lovdata-ID
NL/lov/1999-06-18-40

Lova vart utforma for å gjere prøvestansavtalen til ein del av norsk rett. Sidan Noreg har ein dualistisk tilnærming til folkeretten, må traktatar som prøvestansavtalen bli gjennomført i ei norsk rettsakt for å bli ein del av norsk rett.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg