Krisesenterlova er ei norsk lov som stiller krav til at kommunane har eit tilbod om krisesenter til personar som er utsette for vald eller truslar i nære relasjonar. Eit krisesenter er eit senter der kvinner, menn og barn utsett for vald i nære relasjonar kan opphalde seg og søkje rettleiing og hjelp.

Faktaboks

Fullt namn
lov om kommunale krisesentertilbod
Kortnamn
krisesenterlova
Lovdata-ID
NL/lov/2009-06-19-44

Før iverksetjing av lova var krisesentera i Noreg primært drifta av private aktørar. Det var nokre få kommunale krisesenter. Det var store skilnader med omsyn til kor mange krisesenter dei ulike fylka hadde og kor stor kapasitet dei ulike sentera hadde. Lova blei vedteken for å sikre eit meir heilskapleg og likt tilbod for krisesenter i Noreg. Ansvaret blei i lova lagt til kommunane ettersom dei allereie har ansvar for ein del av tilboda som brukarane nyttar seg av, under dette ulike helse- og sosialtilbud.

Alle som jobbar for krisesenter har teieplikt om kven som nyttar seg av tilbodet. Brot på teieplikta medfører straffansvar.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg