Korthalesagsvale er ein liten sporvefugl i svalefamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Psalidoprocne nitens
- Beskriven av
- (Cassin, 1857)
Som vaksen veg fuglen rundt ti gram.
Arten er knytt til fuktig tropisk skog, jordbruksland og urbane område. Korthalesagsvale lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i skogen, i lufta og i buskar.
Reira blir bygd i hôlrom.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.