Kolibrihauk
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC SA 4.0

Kolibrihauk er ein liten rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Sør- og Mellom-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Accipiter superciliosus
Beskriven av
(Carl von Linné, 1766)

Som vaksen er fuglen ca. 23 cm lang, hannfuglar veg rundt 74 gram og hofuglane rundt 130 gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog og tropisk fjellskog. Kolibrihauk lever av små varmblodige dyr som han fangar i buskar, i tre og i lufta.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

kolibrihauk
Accipiter superciliosus
Artsdatabanken-ID
175327

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg