Ein klave er to vinkelstilte stenger, stokkar eller bjelkar som er samanbundne øvst, slik at dei kan stø opp noko på kvar si side av til dømes eit gjerde, ein vegg eller liknande.
Klave kan også brukast om eit sperrepar i ein takkonstruksjon.
Overført kan klave brukast om noko som har form av ein vinkel, til dømes om formasjonen som trekkfuglar flyg i.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.