Kaktusvåk er ein middels stor rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Sør-, Mellom- og Nord-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Parabuteo unicinctus
Beskriven av
(Temminck, 1824)

Som vaksen er fuglen ca. 50 cm lang, hannfuglar veg rundt 720 gram og hofuglane rundt éin kilo.

Arten er knytt til tørr og høgtliggjande tropisk buskmark, tørr tropisk skog og overfløymd tropisk grasmark. Kaktusvåk lever av små varmblodige dyr som han fangar på bakken.

Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen rundt tre egg som blir ruga ut i løpet av ca. 34 dagar. Ungane forlèt reiret om lag seks veker etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av eitt år.

Kaktusvåk lever vanlegvis i rundt 15 år, men enkelte individ kan bli opptil 25 år gamle.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

kaktusvåk
Parabuteo unicinctus
Artsdatabanken-ID
175391

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg