Jordlerke er ein middels stor sporvefugl i lerkefamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Mirafra albicauda
Beskriven av
Reichenow, 1891

Vaksne hannar veg rundt 25 gram og hofuglane rundt 21 gram.

Arten er knytt til tørr og overfløymd tropisk grasmark, og innsjøar med ferskvatn. Jordlerke lever av virvellause dyr (invertebratar) og frø som han finn på bakken og i skogen.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

jordlerke
Mirafra albicauda
Artsdatabanken-ID
182149

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg