Indiaskrikørn
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Indiaskrikørn er ein stor rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Søraust-Asia og på det indiske subkontinentet.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Clanga hastata
Beskriven av
(Lesson, R, 1831)

Som vaksen er fuglen ca. 60 cm lang, hannfuglar veg rundt 1,3 kilo og hofuglane rundt 1,6 kilo.

Arten er knytt til tørr tropisk skog, myr og jordbruksland.

Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 42 dagar. Ungane forlèt reiret om lag åtte veker etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av tre til fire år.

Indiaskrikørn lever vanlegvis i rundt 24 år.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

indiaskrikørn
Clanga hastata
Artsdatabanken-ID
175253

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg