Indianerhauk
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Indianerhauk er ein middels stor rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Sør-, Mellom- og Nord-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Accipiter bicolor
Beskriven av
(Vieillot, 1817)

Som vaksen er fuglen ca. 40 cm lang, hannfuglar veg rundt 210 gram og hofuglane rundt 390 gram.

Arten er knytt til fuktig og tørr tropisk skog, temperert skog og tørr savanne. Indianerhauk lever av små varmblodige dyr som han fangar i skogen, i buskar og i tre.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt tre egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

indianerhauk
Accipiter bicolor
Artsdatabanken-ID
175347

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg