Hispaniolavåk er ein rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Den dominikanske republikken og på Haiti.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Buteo ridgwayi
- Beskriven av
- (Cory, 1883)
Vaksne hannar veg rundt 220 gram og hofuglane rundt 350 gram.
Arten er knytt til tørr og fuktig tropisk skog, og tropisk fjellskog. Hispaniolavåk er ein jegar som lever av små varmblodige dyr og vekselvarme virveldyr som han fangar på bakken, i skogen og i buskar.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.