Gullhettetanagar
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC SA 4.0

Gullhettetanagar er ein middels stor sporvefugl i tanagarfamilien og har naturleg utbreiing i Mellom-, Sør- og Nord-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Tangara larvata
Beskriven av
(Du Bus de Gisignies, 1846)

Som vaksen veg fuglen rundt 20 gram.

Arten er knytt til jordbruksland, fuktig tropisk skog, tropisk fjellskog og fuktig tropisk buskmark. Gullhettetanagar lever av frukt og virvellause dyr (invertebratar) som han finn i buskar.

Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 14 dagar. Ungane forlèt reiret om lag to veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

gullhettetanagar
Tangara larvata
Artsdatabanken-ID
185053

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg