Gulknopphokko er ein stor hønsefugl i hokkofamilien og har naturleg utbreiing i Colombia og Venezuela.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Crax daubentoni
- Beskriven av
- Gray, GR, 1867
Som vaksen er fuglen ca. 90 cm lang, hannfuglar veg rundt 2,7 kilo og hofuglane rundt 2,3 kilo.
Arten er knytt til fuktig og tørr tropisk skog. Gulknopphokko lever av frukt som han finn på bakken, i skogen og i buskar.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.