Gråtannvaktel er ein middels stor hønsefugl i tannvaktelfamilien og har naturleg utbreiing i Argentina, Brasil og Paraguay.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Odontophorus capueira
- Beskriven av
- (von Spix, 1825)
Som vaksen er fuglen ca. 28 cm lang, hannfuglar veg rundt 460 gram og hofuglane rundt 400 gram.
Arten er knytt til fuktig tropisk skog. Gråtannvaktel lever av frukt som han finn på bakken.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fem egg. Reira blir bygd i hôlrom.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.