Grånakkebekard er ein middels stor sporvefugl i tityrafamilien og har naturleg utbreiing i Mellom- og Nord-Amerika.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Pachyramphus major
- Beskriven av
- (Cabanis, 1847)
Som vaksen veg fuglen rundt 25 gram.
Arten er knytt til tørr og fuktig tropisk skog, tropisk fjellskog og plantasjar. Grånakkebekard lever av virvellause dyr (invertebratar) og frukt som han finn i buskar.
Reira blir bygd i hôlrom.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.