Gråkrikkand er ein liten andefugl i andefamilien og har naturleg utbreiing i Indonesia og Aust-Timor.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Anas gibberifrons
- Beskriven av
- Müller, S, 1842
Som vaksen er fuglen ca. 40 cm lang og veg rundt 490 gram.
Arten er knytt til mangroveskog og ulike våtmarkshabitat. Gråkrikkand er ein planteetar som lever av frø og plantedelar som han finn i vassoverflata.
Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt åtte egg som blir ruga ut i løpet av ca. 25 dagar. Ungane forlèt reiret om lag åtte veker etter klekking.
Gråkrikkand lever vanlegvis i rundt 17 år.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.