Gråkinntigerhegre
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY 4.0

Gråkinntigerhegre er ein fugleart i hegrefamilien og har naturleg utbreiing i Mellom-, Sør- og Nord-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Tigrisoma mexicanum
Beskriven av
Swainson, 1834

Som vaksen er fuglen ca. 80 cm lang, hannfuglar veg rundt 1,3 kilo og hofuglane rundt éin kilo.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog og ulike våtmarkshabitat. Gråkinntigerhegre lever i stor grad av fisk, men òg av virvellause dyr (invertebratar) og vekselvarme virveldyr.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

gråkinntigerhegre
Tigrisoma mexicanum
Artsdatabanken-ID
175045

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg