Gråbrystkrondue
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 3.0

Gråbrystkrondue er ein stor duefugl i duefamilien og har naturleg utbreiing i Indonesia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Goura cristata
Beskriven av
(Pallas, 1764)

Som vaksen veg fuglen rundt to kilo.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, mangroveskog og tropisk sumpskog. Gråbrystkrondue er ein planteetar som lever av frø og frukt som han finn på bakken.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen eitt egg som blir ruga ut i løpet av ca. 28 dagar. Ungane forlèt reiret om lag fem veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

gråbrystkrondue
Goura cristata
Artsdatabanken-ID
176222

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg