Gordisk knute
Aleksander den store løyser den gordiske knuten. Måleri frå 1767.
Av .

Gordisk knute er ein innvikla knute. Omgrepet blir ofte brukt om vanskelege problem som kan løysast på ein resolutt og radikal måte.

Faktaboks

Uttale
gˈordisk knute

Den gordiske knuten var etter segna ein innvikla trylleknute i Zevs' tempel i Gordion. Knuten var på ei vogn som hadde tilhøyrt ein kong Gordios, og det heitte at den som løyste knuten, skulle bli herre over Asia. Det blir fortalt at Aleksander den store i 334 fvt. hogg over knuten med sverdet sitt, derav uttrykk som «Aleksanderhogg» eller «å løysa den gordiske knuten».

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg