Medlemsland i den internasjonale frankofone organisasjonen (per 2022)

Organisation internationale dei la francophonie er ein internasjonal organisasjon av over 80 statar og regionar som nyttar fransk språk eller der fransk språk og kultur har særleg betydning. Organisasjonen vart grunnlagd i 1970 og arbeider for å fremje fredeleg sameksistens, samarbeid, solidaritet, demokrati, menneskerettar og berekraftig utvikling.

Medlemsland i den internasjonale frankofone organisasjonen (per 2022)
Av .

Frankofoni er det å snakke fransk; eller dyrking av og kamp for fransk språk og kultur. Sidan 1960-talet er omgrepet brukt om den språklege, kulturelle, politiske og økonomiske fellesskapen som eksisterer mellom fransktalande område.

Faktaboks

Etymologi

frå fransk francophonie

Det fransktalande området er land, delstatar og territorium der fransk er morsmål (hovudsakleg område i Europa og Nord-Amerika) eller der det i seinare tid er innført som offisielt språk (som regel tidlegare og noverande franske og belgiske territorium). Det er ein rik fransk litteratur utanfor Frankrike.

Kvart år blir det halde frankofone toppmøte med statsleiarar frå alle dei frankofone landa. Det er over 50 medlemsland i den internasjonale frankofone organisjonen, og ei rekkje observatørar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg