Fråfall i skulen er nytta om elevar som ikkje fullfører planlagd skulegang. Det vert særleg nytta om ikkje å fullføre vidaregåande opplæring. Nokre elevar fullfører heller ikkje grunnskulen, men denne gruppa er lita.

Faktaboks

Også kjend som

frafall i skolen (bokmål)

dropout (engelsk)

Elevar som ikkje har fullført skulegangen, har vanskar med å få varig arbeid, med dei økonomiske og samfunnsmessige konsekvensane det gir. Vidare har ein funne ein samanheng mellom fråfall i skulen og seinare vanskar med psykisk helse og kriminalitet. Personar som ikkje har fullført vidaregåande skule, har høgre risiko for å vere ute av arbeid på grunn av sjukdom samanlikna med dei som har fullført skulen (De Ridder et al. 2013).

Dei store personlege og samfunnsmessige følgjene har leia til auka merksemd på fråfall i skulen dei seinare åra.

Omfang

27 prosent av elevar i vidaregåande skule hadde ikkje fullført etter fem år. Det viser statistikk frå Statistisk sentralbyrå (2016), som fangar opp alle kull til og med dei som starta på vidaregåande skule hausten 2010. Andelen som fullfører, er den høgste sidan statistikken vart publisert første gang for elevar som starta i vidaregåande opplæring i 1994. Dei siste åra har andelen elevar som fullfører vidaregåande opplæring innan fem år vore om lag 70 prosent.

Det er større fråfall frå yrkesfag enn frå studieførebuande fag. Medan over 86 prosent av elevane som starta på studieførebuande fag hadde gjennomført skulen med full kompetanse etter fem år, gjaldt dette for rundt 57 prosent av elevane som starta på yrkesfag. Fleire kvinner enn menn fullfører vidaregåande skule.

Risikofaktorar

Fråfall er gjerne resultat av problem som har utvikla seg over tid og har samanheng med stort fråver frå skulen. Det er mange årsaker til fråver frå skulen, og til faremomenta høyrer svært ulike faktorar som psykosomatiske helseplager, psykiske problem, sosiale problem og skulerelaterte problem, som til dømes mobbing og svake relasjonar til medelevar og lærarar. Stort fråver vil, uavhengig av årsak, gå utover faglege prestasjonar og sosial tilhøyrsle til skulen.

På grunn av samanhengen mellom stort fråver og fråfall vil stort fråver i seg sjølv vere ein risikofaktor for fråfall. I tillegg har det vist seg at fråfall har samanheng med foreldra si utdanning og familien sin sosioøkonomiske situasjon. Elevar som har foreldre med høgare utdanning og høg sosioøkonomisk status (sjå sosial lagdeling), fell sjeldnare ut av skulen enn elevar med foreldre med låg utdanning og låg sosioøkonomisk status.

Sjølv om ein tek omsyn til risikoen knytt til andre faktorar, vil det å falle ut av skulen i seg sjølv gi auka risiko for sjukdom og uførheit i ung vaksen alder.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • De Ridder, K.A.A. , Pape, K., Cuypers, K. , Johnsen, R., Holmen, T.L., Westin, S., Bjørnsgaard, J.H. (2013): High school dropout and long-term sickness and disability in young adulthood: a prospective propensity score stratified cohort study (the Young-HUNT study).BMC Public Health 13, 941
  • Havik, T., Bru, E. & Ertesvåg. S.K. (2014) Assessing reasons for school non-attendance. Scandinavian Journal of Educational Research. DOI:10.1080/00313831.2014.904424
  • Ingul, J.M., Klöckner, C.A, Silverman, W.K., & Nordahl, H.M. (2012)Adolescent school absenteeism: Modelling social and individual risk factors in a study of 865 high school students. Child and Adolescent Mental Health, 17,(2), 93–100.
  • Statistisk sentalbyrå (2016) Gjennomstrømming i videregående skole 2010-2015.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg