Flekkskogtrost
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Flekkskogtrost er ein stor sporvefugl i trostefamilien og har naturleg utbreiing i Mellom- og Nord-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Hylocichla mustelina
Beskriven av
(Johann Friedrich Gmelin, 1789)

Som vaksen er fuglen ca. 20 cm lang og veg rundt 50 gram.

Arten er knytt til temperert skog, fuktig tropisk skog og plantasjar. Flekkskogtrost lever av virvellause dyr (invertebratar) og frukt som han finn på bakken.

Hekking skjer to gongar i året, og i løpet av kvar hekkeperiode legg hofuglen rundt fire egg som blir ruga ut i løpet av ca. 14 dagar. Ungane forlèt reiret om lag to veker etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av eitt år.

Flekkskogtrost lever vanlegvis i rundt ni år.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

flekkskogtrost
Hylocichla mustelina
Artsdatabanken-ID
154995

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg