Flekkhalstinamu er ein fugleart i tinamufamilien og har naturleg utbreiing i Argentina og Bolivia.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Rhynchotus maculicollis
- Beskriven av
- Gray, GR, 1867
Som vaksen veg fuglen rundt 850 gram.
Arten er knytt til tørr savanne, høgtliggjande tropisk buskmark og dyrkbar mark. Flekkhalstinamu lever i hovudsak av virvellause dyr (invertebratar), frø og plantedelar som han finn på bakken.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt åtte egg som blir ruga ut i løpet av ca. 21 dagar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.