Flekkørn
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Flekkørn er ein middels stor rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Hieraaetus ayresii
Beskriven av
(Gurney Sr, 1862)

Som vaksen er fuglen ca. 50 cm lang, hannfuglar veg rundt 710 gram og hofuglane rundt 910 gram.

Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna temperert skog, plantasjar, urbane område, tørr og fuktig tropisk skog, og tropisk fjellskog. Flekkørn lever av små varmblodige dyr som han fangar i buskar, i tre og i lufta.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen eitt egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

flekkørn
Hieraaetus ayresii
Artsdatabanken-ID
175258

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg