Farskapsførelegg er eit førelegg som blir utferda av statsforvaltaren i farskapssaker, der det blir gitt melding om at mottakaren vil bli rekna som far dersom han vedgår farskapet. Vidare blir det opplyst at saka vil bli send til retten om dette ikkje skjer innan éin månad. Etter barnelova av 1981 må det ein dom til før ein blir sett på som far til eit barn født utanfor ekteskap som ein ikkje har vedgått farskapet til.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg