Ecuadorelenia er ein middels stor sporvefugl i tyrannfamilien og har naturleg utbreiing i Ecuador og Peru.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Myiopagis subplacens
- Beskriven av
- (Sclater, PL, 1862)
Som vaksen veg fuglen rundt 16 gram.
Arten er knytt til tørr og fuktig tropisk skog, tropisk fjellskog og fuktig tropisk buskmark. Ecuadorelenia lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i tre og i buskar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.