Duskand er ein middels stor andefugl i andefamilien og har naturleg utbreiing i Sør-Amerika og på spreidde øyar i Sør-Atlanterhavet.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Lophonetta specularioides
- Beskriven av
- (Ménégaux, 1909)
Som vaksen er fuglen ca. 60 cm lang og veg rundt éin kilo.
Arten er knytt til ulike våtmarkshabitat og marine kysthabitat. Duskand lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i vassoverflata.
Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt seks egg som blir ruga ut i løpet av ca. 30 dagar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.