Casu marzu er ein sauemjølksost av pecorinotype tilverka på Sardinia som inneheld levande larvar frå ostefloge. Casu marzu tyder «roten ost», og osten er ein variant av pecorino sardo.

Faktaboks

Etymologi

sardisk, 'roten ost'

Også kjend som

casu martzu

Dei levande larvane gjer osten mjuk, og den kan i smak minne om gorgonzola. Larvane kan óg gjere at ein vert sjuk, og det er ikkje lovleg å selje osten i Italia. Det finst ein svart marknad for osten.

Nokon vel å ete både osten og larvane, medan andre tek bort larvane først. Dersom larvane ikkje er levande, kan osten vere giftig.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg