Butterdeig er eit fullstendig mekanisk heva bakverk som ikkje inneheld gjær, og som er eit døme på rulla deiger. Butterdeig består av sikta kveitemjøl, salt, vatn og feitt. Butterdeig vert normalt bretta i 4*4. Butterdeig kan mellom anna nyttast til napoleonskake og fylte paier.
Faktaboks
- uttale:
-
bˈutterdeig
- etymologi:
-
av tysk ‘smørdeig’
Wienerdeig er deigen som vert nytta til ulike variantar av wienerbrød, wienerstenger og så bortetter. Wienerdeig vert tradisjonelt bretta i 3*3 og vil totalt ha 27 lag med feitt.
Skal ein produsere croissantar eller pain áu chocolate rullar ein deigen i 4*2 og får totalt 12 lag med feitt
Lamineringa av feitt gjer at deigen blir flakete og sprø når den er ferdig steikt.

Wienerbrød er laget av butterdeig med fyll.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.